You are currently browsing the monthly archive for april, 2007.
Av Philip Kaufman
Ein brukar på IMDb seier dette om filmen: ‘The Right Stuff’ is one of the most glorious adventure films ever made, a story of incredible heroism, poignant romance, gripping drama, and broad humor…and amazingly, it has actually happened within our lifetimes!
Nåja.
Eg har alltid høyrt om denne filmen, og vurdert den fleire gongar når eg har skulla leige film. No vart det omsider kjøp, og det er greitt å ha sett den. Men litt bortkasta tid…
Filmen varar nemleg 3 timar og 5 minutt, og einaste drivkrafta mi for å sjå ferdig filmen var eigentleg at eg var spent på om filmen hadde ein kritisk bodskap på slutten. Altså at heile romfarthysteriet er ein tøvete leik med menneskeliv i eit barnsleg kappløp mellom USA og Sovjetunionen. Men nei, filmen er eine og åleine eit gjennomsyra, amerikansk helteepos. Det er ikkje måte på kor glorifisert det er!
Så nei, dette var ikkje min kopp med te. Den får likevel ein 2-ar, då den trass alt hadde nokre flotte scener, fine kollasjar der handlinga vart blanda med klipp frå NASA-arkivet, og nokre ok skodespelarpresentasjonar. Men det fårete gliset til Dennis Quaid, tilsvarande Tom Cruise sitt sleske smil, øydela tidleg heile filmen. Og Ed Harris som har gjort fine roller i mellom anna The Abyss og The Truman Show, hadde også nokre merkelege andletsuttrykk mesteparten av filmen (all merksemda han fekk av presse, fjernsyn og publikum gjorde at han såg ut som ein nykonfirmert 15-åring).
Hadde filmen vore ei satire, eller ein rystande kommentar til hysteriet omkring romkappløpet, så hadde den sikkert vore betre. I alle fall hadde eg likt den betre. Kanskje måtte ein ha opplevd desse hendingane (som er sanne), samt ha sett denne filmen i 1983 (medan hendingane framleis var nokolunde ferske) for å dele den enorme entusiasmen. Eg såg den i 2007 og var om lag -20 år på denne tida…

Av Hal Ashby
Peter Sellers er grunn nok for meg til å sjå ein film, etter at han har gjort usletteleg inntrykk i både Kubrick sine filmar Dr. Strangelove og Lolita, og sjølvsagt i Pink Panter-filmane. Eg har ikkje sett andre filmar av Hal Ashby, men har mellom anna Harold and Maude (1971) på ønskjelista.
Og Sellers gjer jobben igjen. Kanskje betre enn nokon gong, hevdar mange. Ein kan lese mykje interessant om filmen og tolkingar av den på bla.a. IMDB. Og eg er ganske einig med mange når det gjeld presentasjonen til Sellers i denne filmen. Til forskjell frå rollene i dei fleste andre filmar, så gjer han faktisk ikkje så mykje komisk i denne filmen. Verken verbal eller fysisk humor (med unntak av ei lita scene der han vimsar litt til sides, utan nemneverdig grunn). Men filmen er likevel svært morosam. Kvifor? På grunn av konteksten. Sellers spelar nemleg mr. Chance, som er meir eller mindre stokk dum etter å ha levd heile livet innanfor husets fire veggar. Alt han veit om omverda er det han har sett på TV. Når han så kjem ut i verda og byrjar å kommunisere med ulike menneske, så vert han etterkvart oppfatta som ein svært intelligent person, nærast eitt geni, sjølv om han berre snakkar om hagestell – som er hans lidenskap i tillegg til TV. Og det er her Sellers gjer ei glansrolle. Han er som sagt eigentleg ikkje morosam, men fordi alt han seier vert misforstått (til det positive vél å merke), så vert det morosamt. Gestikulasjonane og tidspunktet han seier ting på er det som utgjer humoren.
Når det gjeld slutten så skal eg ikkje kome med noko personleg tolking. Men slutten er eit av filmhistoria sine største vendepunkt, noko som er nok ein grunn til å sjå denne filmen. Altså: Peter Sellers i glansrolle + filmhistorisk vendepunkt = 5 stjerner.

Av Arild Østin Ommundsen
Noreg prøvar så godt dei kan å lage god film. Ofte må dei ty til tung inspirasjon frå utlandet for å få det til, som t.d. med Hawaii, Oslo (2004) der regissør Erik Poppe følgjer trenden i tida og syr saman fleire historier i ein og same film. Det er med andre ord ofte ikkje noko nytt som blir skapt, men nytt for å vere norsk, og då vert filmane ofte hausa opp og genierklært. Difor har eg litt aversjonar mot å sjå alle dei høgpriste, nye norske filmane – som det har vore mange av siste åra.
Men når gjengen bak Mongoland (2001) trår til igjen, ein gjeng som lagde det ein kanskje kan kalle det ein i USA kallar “independent films”, så følte eg sterkt for å sjå Monstertorsdag.
Og filmen innfrir til ein solid firar. Mykje humor frå den herleg direkte og ærlege sørlandsdialekta (“eg stikke opp til dudes og røyge meg til helvede…”), og jamnt over fine skodespelarpresentasjonar. Historia og metaforane er særs bra, men kunne kanskje vore enda betre fortalt av ein kunstregissør (t.d. Andrei Zvyagintsev, Andrei Tarkovsky eller Mikhail Kalatozov). Stundom har filmen tendensar til overspel og litt for mange forsøk på morosam dialog (t.d. det mykje brukte norsk-engelske-surfedude-språket). Og scena der hovudpersonen dissar ein stakkars golfspelar verkar heilt unødvendig, og er ikkje morosam i det heile. Men elles bra!

Av Walter Salles
Fin, poetisk film med nydeleg kameraarbeid.


Av Michel Gondry
Smart, kreativt manus. Meget fantasirik historie! Gael García Bernal viser at han også har eit komisk talent.



Siste kommentarar